Trengereid psykologpraksis AS

TRENGEREID PSYKOLOGPRAKSIS AS


Om oss

Velkommen til nettsida til psykologspesialist Svein Arne Trengereid.

Eg held til i hyggeleg kontorfellesskap i Bergen sentrum og tilbyr psykologisk behandling til menneske med ulike psykiske vanskar.

Eg har refusjonsavtale med Helfo, noko som betyr at pasienten kun betaler eigenandel på kr 386,- til ein har nådd frikortgrensa på kr 3165,-. Når ein har fått frikort, så er det gratis ut kalenderåret.



Behandlingar

Val av behandlingsmetode blir tilpassa den enkelte pasient sine behov. Men behandlingsmetode vil i hovudsak vere kognitiv terapi eller metakognitiv terapi.

Kognitiv terapi

Kognitiv betyr tenkning og står for den vedvarande bearbeidinga av informasjon. Den kjem til uttrykk i vår indre samtale med oss sjølv, der me tenker over og ser for oss kva me opplever, kommenterer våre handlingar og forestiller oss kva som kjem til å skje.

Metakognitiv terapi

Dei siste 30 åra så har ein vidareutvikla kognitiv terapi til det me i dag kaller for metakognitiv terapi. Metakognitiv betyr tankar om tanken. Sjølv om tankar skaper følelsen, så har det vist seg at vår største utfordring er korleis me forheld oss til tankar.

Vil du komme i kontakt? Les meir her!

Kontakt