Slik foregår en kognitiv terapitime
-
Humørsjekk om korleis det har gått sidan sist
Sjekk av korleis det gjekk med heimeleksa
Agenda for dagens time med fokus på kva problem ein vil ta opp
Bruk av teknikkar og øvingar for å utforske/utfordre
Oppsummeringar undervegs
Drøfting av ny heimelekse
I kognitiv terapi så er terapeuten aktivt med i samtalen. Terapeuten informerer, forklarer, gir råd og stiller mange konkrete spørsmål for å utforske og utfordre. Terapeuten er klar og tydeleg og dermed ein person som det skal vere rimeleg lett å forhalde seg til.
I terapien så har ein fokus på tankeregistrering for å vise verknaden av overdriven tenkning som katastrofetankar, sjølvkritiske tankar eller pessimistiske tankar. Terapeut og pasient drøfter mogelegheita for alternative tanke –og handlemåtar.
Med bruk av ulike teknikkar og øvingar, så hjelper ein pasienten til å utfordre sine forestillingar. Pasienten får heimelekse etter kvar samtale med kva han/ho skal trene på til neste time. Gradvis vil pasienten bli meir utforskande og spørjande til sitt eige tanke –og handlingsmønster.
I kognitiv terapi så er ein opptatt av at det skal vere eit gjensidig samarbeid mellom terapeut og pasient. Terapeut og pasient er eit team som skal samarbeide for å kome fram til meir hensiktsmessige måtar å tenkje og handle på. Fokus er på problema slik dei framtrer i pasientens kvardag. Det er pasientens oppleving av sin situasjon som står i sentrum. På denne måten så blir pasienten ein aktiv problemløysar og medarbeidar i terapien. Pasientens engasjement og involvering er avgjerande for eit positivt resultat av behandlinga. Det er viktig med tydeleg definerte mål.
Terapeuten må heile tida sikre seg at samarbeidet med pasienten er godt nok. Det betyr at dei har ei felles forståing av kva problem dei skal arbeide med å løyse. Det er også viktig at pasienten har akseptert kognitiv terapi som ein relevant endringsteori.
Kognitiv terapi er hjelp til sjølvhjelp. Eit sentralt mål i kognitiv terapi er at pasienten skal bli sin eigen kognitive terapeut. Pasienten må få ei forståing for kva som har oppretthalde problema og kva verktøy som kan brukast for å førebyggje nye problem. Behandlinga har også fokus på vegleiia sjølvhjelp, der ein har fokus på sjølvhjelps-litteratur og bruk av nettbaserte sjølvhjelpsprogram.