Trengereid psykologpraksis AS

BEHANDLINGAR


Behandlingar

Val av behandlingsmetode blir tilpassa den enkelte pasient sine behov. Men behandlingsmetode vil i hovudsak vere kognitiv terapi eller metakognitiv terapi.
Dersom pasienten ynskjer det, så kan medikamentell behandling via fastlege eller privatpraktiserande psykiater vere ein integrert del av behandlinga ved aktuelle tilstandar.
Alle pasientar vil bli diagnostisk utgreia før terapistart.
Bruk av ulike spørjeskjema er ein del av kartleggjinga og evalueringa undervegs.


Kognitiv terapi


Kognitiv terapi er ein etablert behandlingsmetode som har blitt ei populær og etterspurt terapiform.
Effektforskning viser at kognitiv terapi har god effekt på mange ulike psykiske lidingar som depresjon, sosial angst, panikkliding, bekymringstendens, fobiar, tvangsliding/OCD, bipolar liding, posttraumatisk stressforstyrring, personlegdomsforstyrringar, søvnvanskar, smertevanskar, sinneproblem, spiseforstyrringar og psykoser.
Kognitiv terapi kan også vere eit viktig supplement for hjelp til meistring av det å leve med somatiske sjukdommar som til dømes kreft, multippel sklerose, hjerteliding, trøyttleikssyndrom/ME og diabetes.
Kognitive tilnærmingar blir også brukt innan idrettspsykologien for å fremme prestasjonar.
Innan organisasjonspsykologi så bruker ein kognitive tilnærmingar for betre stressmeistring og konflikthandtering i arbeidslivet.
Kognitiv terapi er i dag den mest anbefalte psykologiske behandlingsmetoden i Statens behandlingsvegleiarar for ulike psykiske lidingar.
Kognitiv betyr tenkning og står for den vedvarande bearbeidinga av informasjon. Den kjem til uttrykk i vår indre samtale med oss sjølv, der me tenker over og ser for oss kva me opplever, kommenterer våre handlingar og forestiller oss kva som kjem til å skje. Dette vil vanlegvis finne sted utan at me sjølv er heilt klar over det. Kva indre samtale har du akkurat no medan du leser dette?
Måten me tenkjer på, forestiller oss eller minnast ei bestemt hending, vil påvirke kva følelsar som er knytta til denne hendinga. Dei fleste vil oppleve ein slik påstand som sjølvsagt og sjølvinnlysande. Men dette er ingen ny idé. Epictetus, ein av dei stoiske filosofane som levde for om lag 2000 år sidan, hevda at mennesket ikkje blir plaga av hendingar i seg sjølv, men av måten det betrakter hendingane på. Shakespeare skreiv i det berømte skuespillet Hamlet: ”There is nothing either good or bad, but thinking makes it so”.
Forestill deg at du står i ein kø og at personen foran deg tråkker deg hardt og smertefullt på tærne. Det er ikkje rart at du blir irritert. Dersom det viser seg at personen har ein kvit spaserstokk i handa, som teikn på at personen er blind, så vil du gjerne tenkje annleis om det som har skjedd. Du vil sikkert også oppleve at følelsane dine brått vil endre seg. Kanskje blir du litt flau over at du vart sint i utgangspunktet. Sjølv om det fortsatt gjer vondt i foten, så har dine tankar om situasjonen endra seg og dermed også dine følelsar.
Ei sentral haldning i kognitiv terapiteori er at det er glidande overgangar mellom normal fungering og psykiske lidingar. Det dreier seg heller om gradsforskjellar enn vesensfor- skjellar. Derfor vil me alle i større eller mindre grad kjenne oss igjen i kva eit menneske med psykiske problem opplever.
Den kognitive modellen handler om at ulike følelsar er knytta til bestemte tankemønstre. Ved tankar om trussel og fare, så får ein angst. Ved tankar om feil, tap, verdilause eller håplause, så får ein depresjon eller tristheit. Det er vanskeleg å forestille seg at ein sint person berre skulle ha positive tankar.
Den kognitive modellen har fokus på at psykiske lidingar skuldast at tenkninga er overdriven eller irrasjonell. Ubehagelege tankar og forestillingsbilder om fortid, nåtid og framtid er kjenneteikn ved psykiske helseproblem. Forestillingane kan for pasienten virke truverdige og vere basert på faktiske hendingar. Men forestillingane er ofte overdrivne og direkte ugyldige.
Innan kognitiv terapi har ein utvikla behandlingsopplegg som er tilpassa det som kjenneteikner den enkelte psykiske liding. Den enkelte psykiske liding kan ha unike sider ved seg som det kan vere viktig å ha fokus på. Ved angstlidingar, så blir det mest viktig å utfordre bekymringstankar. Men ved depresjon, så er det meir viktig å ha fokus på auka aktivisering.
Kognitiv terapi, som også blir omtalt som kognitiv-åtferdsterapi, har fokus på problem- løysing og innsikt i samanhengen mellom tenkning, handling og følelsar. Mange synes at dette er ein fornuftig og jordnær måte å jobbe med psykiske helseproblem på.
Pasienten blir sosialisert til kognitiv terapimodell. Pasienten får ei problembeskriving som oppsummerer kva tanke –og handlingsmåtar som opprettheld symptoma.


Slik foregår en kognitiv terapitime

  • Humørsjekk om korleis det har gått sidan sist

  • Sjekk av korleis det gjekk med heimeleksa

  • Agenda for dagens time med fokus på kva problem ein vil ta opp

  • Bruk av teknikkar og øvingar for å utforske/utfordre

  • Oppsummeringar undervegs

  • Drøfting av ny heimelekse

I kognitiv terapi så er terapeuten aktivt med i samtalen. Terapeuten informerer, forklarer, gir råd og stiller mange konkrete spørsmål for å utforske og utfordre. Terapeuten er klar og tydeleg og dermed ein person som det skal vere rimeleg lett å forhalde seg til.

I terapien så har ein fokus på tankeregistrering for å vise verknaden av overdriven tenkning som katastrofetankar, sjølvkritiske tankar eller pessimistiske tankar. Terapeut og pasient drøfter mogelegheita for alternative tanke –og handlemåtar.

Med bruk av ulike teknikkar og øvingar, så hjelper ein pasienten til å utfordre sine forestillingar. Pasienten får heimelekse etter kvar samtale med kva han/ho skal trene på til neste time. Gradvis vil pasienten bli meir utforskande og spørjande til sitt eige tanke –og handlingsmønster.

I kognitiv terapi så er ein opptatt av at det skal vere eit gjensidig samarbeid mellom terapeut og pasient. Terapeut og pasient er eit team som skal samarbeide for å kome fram til meir hensiktsmessige måtar å tenkje og handle på. Fokus er på problema slik dei framtrer i pasientens kvardag. Det er pasientens oppleving av sin situasjon som står i sentrum. På denne måten så blir pasienten ein aktiv problemløysar og medarbeidar i terapien. Pasientens engasjement og involvering er avgjerande for eit positivt resultat av behandlinga. Det er viktig med tydeleg definerte mål.

Terapeuten må heile tida sikre seg at samarbeidet med pasienten er godt nok. Det betyr at dei har ei felles forståing av kva problem dei skal arbeide med å løyse. Det er også viktig at pasienten har akseptert kognitiv terapi som ein relevant endringsteori.

Kognitiv terapi er hjelp til sjølvhjelp. Eit sentralt mål i kognitiv terapi er at pasienten skal bli sin eigen kognitive terapeut. Pasienten må få ei forståing for kva som har oppretthalde problema og kva verktøy som kan brukast for å førebyggje nye problem. Behandlinga har også fokus på vegleiia sjølvhjelp, der ein har fokus på sjølvhjelps-litteratur og bruk av nettbaserte sjølvhjelpsprogram.



Metakognitiv terapi

Dei siste 30 åra så har ein vidareutvikla kognitiv terapi til det me i dag kaller for metakognitiv terapi. Metakognitiv betyr tankar om tanken. Sjølv om tankar skaper følelsen, så har det vist seg at vår største utfordring er korleis me forheld oss til tankar.

Me har alle 1–5 tankar per sekund. Det kan vere negative tankar om oss sjølv eller pessimistiske tankar om framtida. Det kan vere bekymringstankar om helse, økonomi eller relasjonar. Me har alle positive minner som kjem og går og me får alle negative minner om vanskelege hendingar. Alle får me tvangstankar om til dømes å skjelle ut ein hyggeleg person. Vår bevisstheit er avhengig av å fungere på ein slik måte at den produserer tankar. Om den ikkje gjorde det, så ville me vere lite produktive og lite effektive mekanismer som måtte hente fram ein tanke om gongen.

Men dette har stilt mennesket overfor ei livsutfordring når det gjelder korleis ein skal forhalde seg til tankane som dukker opp.

Har du tenkt på kor tankane dine den siste timen har blitt av? Kva tankar gav du merksemd og kva tankar lot du berre få passere?

Har du tenkt at dine tankar kan bli sett på som ei forbipasserande hending i ditt sinn?

Om du tek ned den negative tanken og kverner vidare på den, så blir det til grubling. Det vil medføre nedstemtheit, redusert energi og søvnvanskar.

Om du tek ned ein bekymringstanke og kverner vidare på den, så blir det til bekymring. Det vil medføre auka angst, redusert energi og søvnvanskar.

Kva med å oppsummere fordelar vs ulemper med grubling og bekymring? Om du kjem fram til at grubling og bekymring har flest ulemper, kva med å heller kutte ut grubling og bekymring?

Med bruk av teknikkar og øvingar frå vanleg kognitiv terapi, så hjelper ein pasienten til å forhalde seg annleis til sine tankar. Ein har i metakognitiv terapi utvikla nye nyttige teknikkar og øvingar for å hjelpe pasienten med å stoppe grubling og bekymring.

Nokre gongar kan det vere nyttig å teste gyldigheita av tankar som ein gjer i vanleg kognitiv terapi. Men andre gongar så kan det vere mest nyttig å heller la tanken bli overlatt til seg sjølv.

Ønsker du kontakt? Her finner du kontaktinformasjon.

Kontakt