Trengereid psykologpraksis AS

HENVISNING


Henvisning

Eg har driftsavtale med Helse Vest.

Eg har også avtale med Betanien DPS der dei jevnleg henviser nye pasientar til meg.
Pasientane betaler eigenandel på kr 351.- inntil dei har nådd frikortgrensa som no er på kr 2460.-. Deretter er det gratis ut kalenderåret.
Forutsetning for timeavtale er skriftleg henvisning frå fastlege eller psykolog.
Det er ikkje ynskjeleg at pasienten blir oppfordra til å ringe sjølv for å bestille første time.
Pasienten må ha fylt 16 år.
Vurdering av henvisninga blir gjort ut frå Prioriteringsforskrifta.
Det blir ikkje brukt venteliste. På bakgrunn av henvisningsgrunn og kapasitet, så blir det gitt eit snarleg tilbod eller avslag.
Henvisninga må innehalde beskriving av symptom og funksjonsnivå. Epikriser frå eventuell tidlegare psykiatrisk behandling må bli vedlagt. Ved tillegg av somatiske symptom, så er det ei forutsetning at desse er vurdert av fastlegen. Opplysningar om somatiske funn, diagnoser og behandling må stå i henvisninga. Ein må også opplyse om medisinliste i henvisninga.

Forutsetningar

Det er ei forutsetning at henviste pasientar er i stand til å møte til regelmessige avtalar. Pasientar som er i behov av støttande oppfølgjing etter behandling hjå annan spesialist eller ved eit DPS, tilhøyrer ikkje målgruppa. Dersom pasienten til dømes har hatt nytte av behandling ved eit DPS, så vil same pasient få avslag på henvisning for støttesamtalar.

Pasientar med problematikk der ein kan forvente kriser som medfører behov for hastevurderingar eller akuttinnleggjingar, bør heller bli henvist til eit DPS.

Øyeblikkeleg hjelp (ØH) kan ikkje bli ivaretatt og må heller bli henvist til eit DPS eller til Livskrisehjelpen ved Bergen legevakt.

Samlivsvanskar må ein heller henvise til Bergen og omland familiekontor eller Bjørgvin familiekontor.

For å kunne ha god nytte av psykologisk behandling, så er det ofte ei forutsetning at livssituasjonen er ivaretatt når det gjelder bolig, arbeid, skule, fritidsaktivitetar og økonomi. Ved angsttrening, så er det viktig å ha ein jobb eller skule å gå til der ein kan trene på situasjonar ein vegrer seg for. Ved depresjon, så er det viktig å aktivisere seg med skulegang eller jobb.

Det vil bli gitt avslag på henvisningar der ein ber om kartleggjing for vurdering av rett til arbeidsavklaringspengar (AAP) eller uførestrygd. Eit ynskje om AAP eller uførestrygd vil ofte kollidere med fokus på behandling. For om behandlinga har god effekt, så vil jo grunnlaget for AAP eller uførestrygd falle bort. Pasientar som ynskjer AAP eller uførestrygd er derfor ofte ikkje klare for noko behandling. Slike erklæringar må heller fastlegen ta seg av. Alternativt så bør ein be NAV om å bruke eigne trygdelegar.

Dersom kartleggjinga viser at pasienten har eit rusmiddelproblem, så vil pasienten bli henvist vidare til Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen.


Målgruppe

Målgruppe er pasientar med ulike psykiske lidingar der ein kan forvente god effekt av psykologisk behandling.
Målgruppa kan derfor vere psykiske lidingar som:
  • Depresjon
  • Bipolar liding
  • Vrangforestillingsliding
  • Schizofreni
  • Unnvikande trekk/personlegdomsvanskar
  • Avhengige trekk/personlegdomsvanskar
  • Tvangsmessige trekk/personlegdomsvanskar
  • Generalisert angstliding/GAD
  • Posttraumatisk stressliding/PTSD
  • Sosial angst
  • Tvangsliding/OCD
  • Panikkliding
  • Agorafobi
  • Enkeltfobi

Ønsker du kontakt? Her finner du kontaktinformasjon

Kontakt